Kan folk vere så snille å slutte å leggje interessante hendingar til onsdagar? Då er eg på orkesterøving, nemleg. På førehand takk.
Kjerstin Gjengedal
Frilansjournalist, skriv om forsking og forskingspolitikk og podkastar om økonomi.
Norwegian freelance journalist, main topics research & research policy.
Other interests: Fantastic fiction, boardgames, neoluddism, heterodox economics, history and sociology of science, food systems, music (the kind they play in orchestras).
Toots in Norwegian, reads/boosts in English, French, Dutch and occasionally German.
Nede ved Storelungeren står denne dingsen som består av ei høg stong med ein ring på toppen. Eg har sett at ringen kan dreie på seg, omtrent som ein blome som følgjer sola. Nokon som veit kva dette er for noko?
Blir meir og meir overtydd om at framtida for informasjonsdeling er klistremerke på trafikklysstolpar.
Dagens fangst frå korga hos Kiwi med frukt og grønt som er på grensa eller har fått hol i forpakninga. Samla pris: 100 kr.
No er det jo på høg tid å minne om konserten vår i Nykirken neste søndag: https://gjer.no/events/9ecfddce-1114-4b4d-9e86-f246632858b3
#Bergen #DetSkjer #oppslagstavla #kulturtut #konsert #norsktut
Meiner dei ikkje eigentleg "fredsfrykt"?
"Google is betting its entire future on a world where people eagerly hand over their emails, their files, their habits, and their trust – to an AI system that will quietly auction off their attention, word by word, to the highest bidder. The ad infrastructure is ready. The question is whether the audience is."
https://matthiasott.com/notes/ad-infinitum
Kjenner eg tilfeldigvis nokon i bergensområdet som har den siste boka til Bjørn Samset (Energirevolusjonen) og er villig til å låne henne vekk nokre veker? Køen på biblioteket er uendeleg lang, og bokhylla mi toler ikkje at eg kjøper henne (i alle fall ikkje ulest).

